Kaldsåni kraftverk er planlagt med ei installert effekt på 3,15 MW og vil gje ein årleg produksjon på ca. 7 GWh. Kraftverket vil nytte ei fallhøgde på om lag 220 m og endre vassføringa i Kaldsåni på ei 1750 m lang strekning.
Dei negative effektane av ei utbygging er hovudsakeleg knytt til villrein og landskap. Etter høringa er inntaket trekt lenger ned i elva og dette vil redusere konsekvensane ved inngrepet for desse temaene. NVE meiner dei negative konsekvensane i tilstrekkeleg grad kan avbøtas med vilkår som hindrar ferdsel og ved at vassvegen tilpasses landskapet.
NVE vurderer samla sett nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev derfor løyve til bygging av Kaldsåni kraftverk på fastsette vilkår.