Lukk

Folkemøte om ny transformatorstasjon i Åseral

(AGDER PRESS): NVE arrangerer offentleg folkemøte om ny transformatorstasjon og oppgradering av eksisterande kraftleidningar i Åseral kommune i Vest-Agder. Møtet vil finne stad i Flebrukshallen i Åseral, 6. februar kl. 19.00.

logo Agder Press nyheter verden

NVE har motteke søknad fra Agder Energi Nett om å oppgradere den 27 km lange 132 kV kraftleidninga mellom Sjerka og Longa i Åseral kommune, samt ein søknad om å bygge ny sentralnett transformatorstasjon i Honna i Åseral kommune.

NVE har også motteke konsesjonssøknad frå Statnett SF om å spenningsoppgradere dagens 300 kV-leidning til 420 kV frå Solhom til Arendal transformatorstasjon. Spenningsoppgraderinga vil innebere ei omlegging på kvar side av den planlagde transformatorstasjonen i Honna i Åseral kommune.

På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga, medan Agder Energi Nett og Statnett vil orientere om prosjekta.

Les også:  Jordskjelv i Sunnhordland

Søknadane er lagt ut på høyring og er tilgjengeleg på NVEs nettstad:

Søknadane er også lagt ut til offentlig ettersyn i Åseral kommune.

Ytring sendast elektronisk på e-post til nve@nve.no, via nettskjema på www.nve.no/kraftledninger

eller per post til: NVE, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top