Lukk

Løyve til regulering av Haugevatnet og Bjunes kraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev Dalane Kraft AS løyve til å regulere Haugevatnet med 0,3 m og å byggje Bjunes kraftverk i Sirdal kommune i Vest-Agder.

logo Agder Press nyheter verden

Bjunes kraftverk vil få ein årleg produksjon på ca. 5 GWh og med det forsyne om lag 250 husstandar med straum. Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,4 MW.

Utbygginga vil nytte eit fall i Haugåna på 282 m og ei elvestrekning på om lag 1,2 km vil få redusert vassføring. Haugevatnet vil bli regulert mellom kote 402,1 og kote 402,4, medan det var søkt om 0,7 meter regulering. Reguleringa er redusert for å redusere ulemper knytt til gytehøva for fisk og for landskapet.

Les også:  Flere husstander i Lindesnes uten strøm

Frå inntaket i Haugevatnet skal vatnet førast i tunell og sjakt ned til kote 170. Frå kote 170 til kraftstasjonen vert vatnet ført i nedgrave røyr. Det vert behov for 40 m ny veg som tilkomst til kraftstasjonen, samt opprusting av allereie eksisterande skogsveg fram til start på tunell. Ovanfor tunellpåhogget skal anlegget byggjast veglaust.

Av omsyn til naturmiljøet er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring frå Haugevatnet på 30 l/s gjennom året i søndre løp og 10 l/s gjennom året i nordre løp.

Les også:  Politikerne vil ikke ha sommerstengt barnehage

I sum vurderer NVE at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Bjunes kraftverk på fastsette vilkår.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top