Lukk

NVE gjev løyve til Kvævebekken kraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev Kraftfjell AS løyve til å byggje Kvævebekken kraftverk i Sirdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg fornybar energiproduksjon på om lag 5 GWh/år, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Kvævebekken kraftverk er planlagt med ei installert effekt på 1,75 MW og vil gje ein årleg produksjon på ca. 5 GWh.. Kraftverket vil nytte ei fallhøgde på om lag 200 m og endre vassføringa i Kvævebekken på ei 600 m lang strekning.

Dei negative effektane av ei utbygging er hovudsakeleg knytt til landskap. Fraføring av vatn vil redusere opplevingsverdiar på ei mindre strekkje i øvre delar av tiltaksområdet, og den store fossen der bekken delar seg i to vil få sterkt redusert vassføring.

For å bøte noe på verknadene for landskap skal det sleppast ei minstevassføring på 50 l/s om sommaren og 20 l/s om vinteren. Godkjenning av detaljplanar vil syte for ei god landskapstilpassing av inntaket. Ved at vatnet vert ført i tunell på delar av strekninga vi verknadene etter NVE si meining vere akseptable.

Les også:  Politiet leter fortsatt etter tiltalt mann

NVE vurderer samla sett nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev derfor løyve til bygging av Kvævebekken kraftverk på fastsette vilkår.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top