Lukk

Eventyret Hillestad får den nasjonale bygdeutviklingsprisen 2012

(AGDER PRESS): 17. januar, Berlin. Hillestad AS frå Dølemo i Aust-Agder er vinnar av den nasjonale bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Norge for 2012.

Statsråd Trygve Slagsvold Vedum stod for den høgtidlege overrekkinga av prisen på 250 000 kroner, heider og ære under ein pressekonferanse på Internationale Grüne Woche i Berlin torsdag.

Reiseliv, smykke og galleri
Hillestad er eit prakteksempel på ei familiebedrift i distriktet som har bygd stein på stein og oppnådd stor suksess. Med foreldreparet Borghild og Eivind som grunnleggarar og barna deira Gunnar, Barbro, Inga og Tolv, har dei vist at stå-på-vilje, hard jobbing og nøkternheit skapar suksess.

Hillestad har mange jern i elden, og Hillestad feriesenter, Hillestadsmykker og Hillestad Galleri er dei viktigaste pilarane. Hillestad feriesenter består av seks luksushytter, Hillestadsmykker har drive kvalitetsproduksjon av smykke sidan 1960-tallet og Hillestad Galleri har 15 000 besøkjande i året. I dag er det tolv fulltidstilsette i verksemda, noko som gjer Hillestad til ein av dei største arbeidsplassane i Åmli kommune. I 2011 omsette verksemda for 105 millionar kroner.

Internasjonal satsing
Hillestad satsa i 2010 også betydeleg internasjonalt ved oppkjøp av Broste Copenhagen, eit dansk designutviklings- og interiør­firma som har vore ein viktig agent for Hillestad smykke i mange år. I oktober 2012 vart den første norske Broste Copenhagen butikken opna i Arendal.

Verdig vinnar i historisk konkurranse
I talen sin trekte Landbruk- og matminister Trygve Slagsvold Vedum fram at Hillestad er ein verdig vinnar av den nasjonale bygdeutviklingsprisen og ein god representant for den spanande kreativiteten og nyskapinga som skjer innanfor og i tilknyting til landbruket.

Årets konkurranse var den hardaste i historia til bygdeutviklingsprisen, og Hillestad AS gjekk av med sigeren framfor Laagen Gulrot AS frå Vestfold, tomatprodusenten Jan Terje Vignes frå Rogaland og Rørosmeieriet frå Sør-Trøndelag.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top