Lukk

Løyve til Lisleåna kraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev lokale grunneigarar løyve til å bygge Lisleåna kraftverk i Hægebostad kommune, Vest-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 1,1 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 55 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Kraftverket vil nytte eit fall på 58 meter over omlag 600 meter i Lisleåna. Lisleåna er ei sideelv i Lyngdalsvassdraget som vart verna i verneplan III for vassdrag. Årsaka til vernet var Lyngdalsvassdragets urørde preg.

Etter NVE sitt syn vil Lisleåna kraftverk, med dei vilkåra som er satt, ikkje kome i konflikt med verneinteressene og heller ikkje vere i konflikt med andre kjende allmenne interesser i området.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser har NVE fastsett ei minstevassføring på 150 l/s heile året. Omsøkt regulering av Rossevatn er funne å vere i strid med vernegrunnlaget, og er ikkje tillete. Inntaket må plasserast slik at vasstanden i Lautjørna ikkje kan endrast, og rørtraseen må bores gjennom fjell i dei øvste partia og deretter graves ned.

Les også:  Mann fra Agder skutt og drept i Mexico

NVE vurderar utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top