Lukk

Løyve til å bygge Selandsåne kraftverk

(AGDER PRESS): NVE har gjeve Småkraft AS løyve til bygging av Selandsåne kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 5,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 325 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser har NVE fastsett ei minstevassføring på 150 liter i sekundet frå 1. mai til 30. september.

NVE pålegg utbyggjar å flytte inntaket noko lenger ned i elva og å endre traseen for veg inn til kraftstasjonen slik at denne ikkje passerer gjennom eit verdfullt kulturlandskapet på Seland.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Følg Agder Press på Facebook

Les også:  Ber folk sende julegaver før fristen går ut
scroll to top