Lukk

Løyve til å bygge Skripelandsfossen kraftverk

(AGDER PRESS): NVE har gjeve løyve til bygging av Skripelandsfossen kraftverk i Uldalsåna i Froland og Birkenes kommuner i Aust-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 8,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 450 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 12 meter over om lag 1 km i Uldalsåna. Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 2000 liter i sekundet frå 1. mai til 1. september, og 1500 liter i sekundet resten av året.

I samband med bygginga av rørgate skal det leggas vekt på å minimalisere inngrepa i området av omsyn til landskapet og friluftslivet.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top