Lukk

Løyve til Liemyr kraftverk

(AGDER PRESS): NVE gjev Liemyr kraftverk AS løyve til å bygge Liemyr kraftverk i Sirdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 4,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 215 husstandar.

logo Agder Press nyheter verden

Liemyr kraftverk AS har søkt om løyve til å byggje Liemyr kraftverk i Espetveitåna i Sirdal kommune. Kraftverket er planlagt med ei installert effekt på 1,4 MW og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 4,3 GWh.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 30 meter og endre naturleg vassføring på ei 550 meter lang elvestrekning. Vatnet skal førast i nedgravne røyr mellom inntak og kraftstasjon.

Det er ikkje påvist raudlista artar eller verdifulle naturtypar knytt til elva. Det er heller ikkje særlege landskaps- eller friluftsinteresser knytt til influensområdet. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring heile året, og god planlegging og oppfølging av anlegget i byggetida, vil skadeverknadane for landskap og miljø vere akseptable.

Les også:  Kan få sparken for dårlig oppførsel på julebordet

NVE vurderer at fordelane av tiltaket i høve til dei ålmenne og private interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket, og gjev difor løyve til Liemyr kraftverk på fastsette vilkår.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top