Lukk

Løyve til Haugåna kraftverk

(AGDER PRESS): NVE har gjeve Haughom og Øksendal E-verk løyve til å byggje Haugåna kraftverk i Sirdal kommune, Vest-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 4,5 GWh, noko som svarer til den årlege straumbruken til rundt 220 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på omlag 331 meter i Haugåna, og vil føre til at ei elvestrekning på ca. 1,5 kilometer vil få redusert vassføring.

Dei øvre delane av utbyggingsområdet er synleg frå dei nærliggjande områda rundt. Delar av utbyggingsområdet er rasutsett. Det er lagt vekt på at dei tekniske inngrepa skal vere minst mogleg synlege og å unngå ras som kan gje skjemmande sår i landskapet. Det er difor sett krav om at delar av driftsvassvegen skal gå i tunnel og resten i nedgrave røyrgate.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskap har NVE fastsett ei minstevassføring frå inntaket på 10 l/s heile året. Hovudsakeleg av omsyn til biologisk mangfald er det ikkje gjeve løyve til å bygge halv meter høge tersklar i utlaupa av 6 tjern i nedbørfeltet og til å nytte desse som magasin.

NVE vurderer utbygginga med fastsett minstevassføring og krav om delar av driftsvassveg i tunnel, til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top