Lukk

10 000 personar treng ein kommune å bu i

(AGDER PRESS): Integrerings- og manfoldsdirektoratet (IMDi) ber 325 kommunar om å ta i mot 10 000 personar i 2010, heile 1600 av desse er born og unge under 18 år som er åleine i Noreg. I 2009 tek rundt 270 kommunar i mot omlag 8000 personar.

– Rammevilkåra for kommunane er betra dei siste åra. Integreringstilskotet er auka, Husbanken kan medverka til å skaffe bustadar og fleirtalet av flyktningane kjem raskt i arbeid og klarer seg sjølve. Dei aller fleste kommunar seier ja til å ta i mot flyktningar, og dersom kommunane held fram med det gode arbeidet, har me stor tru på at flyktningane som får opphaldsløyve raskt kan flytta til ein kommune, seier Osmund Kaldheim, direktør i IMDi.

Møter gjerne kommunar

I 2010 vil det vera størst behov for å busetta flyktningar frå Eritrea, Afghanistan, dei palestinske områda og Somalia. Tidlegare har det vore stort behov for å busetta familiar, no er over halvparten einslege. Bustadane i kommunane er i stor grad lag til rette for familiar, og det er derfor ei utfordring å leggja til rette for einslege.

– I 2009 har det også vore ei auke i einslege som treng å flytta til ein kommune. Kommunane har vore flinke til å løyse dette med til dømes å oppretta bufellesskap. Det er også viktig at kommunane bruker Husbanken sine tilskotsordningar til bustadar. IMDi og Husbanken møter gjerne kommunar for å diskutera korleis ei busetting kan gjennomførast best mogeleg, seier Kaldheim.

Bygger opp tenesteapparatet

Einslege mindreårige som kjem til Noreg, har auka kraftig det siste året. I 2008 vart det busett 207 einslege mindreårige, for 2009 er målet 800 personar. I 2010 reknar ein med at så mange som 1600 born og unge treng ein kommune å bu i.

– Me er på god veg i 2009. Mange kommunar som ikkje har busett einslege mindreårige før, har i løpet av året bygd opp eit tenesteapparat for denne gruppa, noko som lover bra for neste år. Kommunane viser også til svært gode resultat med dei einslege mindreårige. Mange av ungdommane er ressurssterke, og finn seg godt til rette i kommunen dei kjem til, seier Kaldheim.

Det er særskilt gode tilskot til busetting av einslege mindreårige flyktningar. Dersom kommunen etablerer kommunale barnevernstiltak, får kommunen refusjon frå staten utover kommunen sin eigendel på kroner 13 160 pr. mnd.

Kommunar som busett denne gruppa får i tillegg til det ordinære integreringstilskotet eit særskilt tilskot på 115 850 kroner per år per person dei busett.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top