Lukk

Det er påske og gode snøtilhøve i heile Noreg

(AGDER PRESS): Det er bra med snø for alle skiglade i heile Noreg. Temperaturane har vore låge og det er lite snøsmelting.

I Sør-Noreg er det ei stund sidan det har kome snø og snøen er stort sett ganske hard og vindpåverka. I Nord-Noreg har det kome mykje nysnø i det siste. Vær obs på skredfaren og sjekk varsom.no viss du skal i eller nær bratt terreng.

Nord-Noreg: I Finnmark og indre strøk i Troms er det meir snø enn normalen. I Nordland er det mindre snø enn normalen. I Troms er det nå i snitt 125 cm på 500 moh og 160 cm på 800 moh. I Finnmark og Nordland er det i snitt ein meter på 500 moh og ein og ein halv på 800 moh.

Midt-Noreg: Trøndelag har dei fleste plassane mindre snø enn normalen. I snitt er det 60-70 cm på 500 moh og 120-130 cm på 1000 moh.

Vestlandet: Heile vestlandet har hatt lite snø i forhold til normalen gjennom vinteren. Men det har vore kaldt og difor får snøen ligge også i låglandet. På 500 moh ligg det 50-60 cm snø i Sogn og fjordane og i Møre og Romsdal og på 1000 moh ligg det 120 cm. I Rogaland og Hordaland ligg det 40 cm på 500 moh og på 1000 moh ligg det ein og ein halv meter i Hordaland og ein meter i Rogaland.

Sørlandet: Kysten av Agder fylka har hatt rekord mykje snø langs kysten denne vinteren, men i innlandet er det mindre snø enn normalen. På 200 moh ligg det ein halv meter og på 500 moh ligg det ein meter i snitt.

Austlandet: Området nord og nordaust for Oslo har mindre snø enn normalen, men i Langfjella er det mykje betre snøforhold denne påska enn dei siste åra. I Buskerud, Oppland og Hedmark ligg det 50 cm på 500 moh og i Telemark ligg det 70 cm i same høgde. På 1000 moh ligg det ein meter i Buskerud og Oppland, 125 cm i Telemark og 80-90 cm i Hordaland. På 400 moh ligg det 40 cm i Akershus, 50 cm i Oslo og 60 cm i Vestfold. På 200 moh ligg det i snitt 20 cm.

Ferdsel på bre: Snømengda på breane er i år generelt mindre enn normalt over heile landet. Det er difor grunn til å utvise forsiktigheit ved ferdsel på bre. Det er viktig at alle som planlegger skiturar over brear har nødvendig kunnskap, erfaring og sikringsutstyr.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top