Lukk

Løyve til bygging av Kylland kraftverk

(AGDER PRESS): NVE har gjeve Kylland Kraft AS løyve til bygging av Kylland kraftverk i Lisleåna i Åseral kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 3,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 175 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 91 meter over ei strekke på 600 meter i nedre del av Lisleåna mot Mandalselva.

Av omsyn til biologisk mangfald generelt og fiskebestanden spesielt, har NVE fastsett ei minstevassføring på 80 liter i sekundet heile året. I NVE sin vurdering er det også lagt vekt på at inntaksdammen til kraftverket får ei utforming og plassering som minimaliserer effekten på naturmiljøet i området.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top