I revidert statsbudsjett fekk Helse Vest 220,5 millionar kroner i varig styrking av basisramma. Den varige styrkinga av basisramma skal legge til rette for at sjukehusa skal følgje opp styringsdokumenta og redusere ventetidene. I sum betyr dette 297,2 millionar kroner i forbindelse Ventetidsløftet.
I revidert statsbudsjett for 2024 fekk Helse Vest RHF også tildelt ekstra finansiering på 76,7 millionar kroner for målretta arbeid for å redusere ventetider i 2024.
Arbeidet med ventetider og fristbrot har vore ei satsing i Helse Vest sidan 2012. Under pandemien måtte sjukehusa prioritere stramt for å sikre nødvendig kapasitet, og ventetidene steg. I mai 2024 la helseministeren fram Ventetidsløftet, som bidrar med ekstra midlar for å få ned ventetidene.
– Tiltaka som blir prioritert, skal bli retta mot dei områda som vil gje størst nytte for pasientane i både ressursinnsats og alvorlegheit, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Det er helseføretaka som har valt ut einingar/fagområde med ventetidsutfordringar, foreslått tiltak og gjort greie for forventa effekt av tiltaka. Mange av tiltaka vil vere felles, og det vil være mykje å lære av kvarandre i regionen og vi vil derfor koordinere og samarbeide i regionen.