Lukk

Dagsnytt feirer 90 års jubileum

(AGDER PRESS): Den første sendinga gjekk på lufta tirsdag 1. juli 1934. I dag feirar NRKs nyheitsflaggskip på radio, «Dagsnytt», 90-årsdag med direktesendingar frå Oslo sentrum.

«Dagsnytt» flytter studio ut av Marienlyst i samband med jubileet. Foto: Morten Quist Hommersand / NRK

Pressemelding | NRK

Det var Toralv Øksnevad som las den første «Dagsnytt»-bulletengen for 90 år sidan. Han blir rekna som grunnleggjaren av den moderne nyheitstenesta i NRK.

Mykje har skjedd sidan då. Nyheitstilbodet til NRK har utvikla seg i takt med nye medievanar og er i dag fleirmedialt. Publikum kan få med seg nyheiter frå NRK både på TV, radio og nett.

«Dagsnytt» er framleis ein viktig del av dette tilbodet. I dag fyller programmet 90 år.

– Manuskripta til dei første nyheitsbulletengane er diverre tapte, men spora fram til «Dagsnytt» sitt 90-årsjubileum er framleis ferske. Alt då var det ein diskusjon om kva konsekvensar vidareutviklinga av ein «kringkastingsjournalistikk» i NRK ville få for avisjournalistikken. Den gongen som no var svaret at avisene måtte satsa meir på lokalt stoff, meir på bakgrunnsstoff og meir på spesialstoff. «Dagsnytt» er framleis ein berebjelke i NRK sitt tilbod, så dette er ein stor dag, seier Vibeke Fürst Haugen, kringkastingssjef i NRK.

«Dagsnytt» leverer siste nytt kvar heile time gjennom heile døgnet, alle dagar i året. Midt på natta, klokka 03, har programmet nesten 50.000 lyttarar. Det tilsvarer to gonger kapasiteten på Ullevaal stadion.

Flest lyttarar har den ti minutt lange sendinga kl. 07.30. Då er det om lag halv million som får med seg sendinga på radio og TV. På kvardagane er det over 1,3 millionar som får med seg «Dagsnytt» på NRK sine radiokanalar.

Følg Agder Press på Facebook

scroll to top